Krik Kvam og Origo Ungdomsklubb har gleda av å invitere til nattcup i fotball laurdag 28. november i Norheimsund Idrettshall.
Nattcupen er ei tradisjonsrik turnering og samla på det meste 36 lag! Kampane startar kl. 15.00 og går utover natta. Kl. 22.00 er det Gospelnight i Norheimsund Bedehus. Her vert det full trøkk med lovsangsband, andakt og solistinnslag. Det er pause i cupen under gospelnighten. I hallen er det café med sal av varm og kald mat.
Praktiske opplysningar om cupen:
- Klasseinndeling:
Klasse A: Yngre gutar (8.-10. klasse)
Klasse B: Eldre gutar (vgs ->)
Klasse C: Jenter
- 5 spelarar på kvart lag (4 utespelarar + målvakt). I tillegg kan 3 innbyttarar nyttast. Bruk innesko!
- Kampane vert spela på handballbane.
- Premie til dei to beste laga i kvar klasse.
- Pris: kr. 400,- pr. lag (må betalast i sekreteriatet før laget sin første kamp).
- Påmeldingsfrist tysdag 24. november. Påmeldingsskjema på www.krikkvam.net.
- Kampreglar er lagt ut på www.krikkvam.net, kampoppsett vert lagt ut seinast fredag 27. november.
NB! Ytterdørene i hallen vert stengd ved midnatt. Ingen får koma inn etter dette. Dette er for at uvedkomande ikkje skal koma seg inn i hallen under turneringa.
Velkomen til fotballcup i Norheimsund Idrettshall!